Det er jammen på tide med ein skikkeleg fest for norsk mat. Det Norske Måltid er den festen. Her i landet har me ingenting å skjemma oss for. Me har nydeleg fisk, godt kjøt, fantastiske grønsaker, flott ost og ikkje minst utruleg flinke produsentar som brukar våre fine råvarer til å laga mykje spanande.
I TV-serien er Noreg delt i 5 regionar. Heine Totland og eg utforskar kvar region og kjem til finale i Stavanger med det beste dei kan by på – og eit lag på tre som skal konkurrera om å vinna finalen med sitt beste måltid.
Det har vore kjekt å vera på farten i den norske maten si teneste. Me har faktisk ei plikt til å visa nordmenn kor stort matland me eigentleg er. Ofte er det slik at nordmenn reiser til Spania, Italia og Frankrike, vandrar rundt på landsbygda og så kjem folk heim og seier, tenk om det hadde vore slik hjå oss. Og så er det slik.
Me har alt. Men me er litt dårlege på å lyfta det fram. Og folk er kanskje litt for glade av og til å stå å grava i frossen disken, framfor å prøva alle dei gode norske spesialitetane.
Norsk mat er så mykje meir enn det du finn langs vegen. Me har sett det med eigne augo. Og skal visa det på TV.
Eg er sikker på at mange kjem til å verta overraska over variasjonen og kvaliteten. Du visste kanskje at me har verdas beste eple i Hardanger eller i Lier, men visste du at me har minst like god calvados som franskmenna? Eller at me har modna kvite geitostar like bra som chevre? Spekeskinker a la dei italienarane er vidkjende for har me og. Me har til og med funne ein galning som lagar ein heilt strålande norsk single malt.
Det er berre å byrja å gle seg.
Det beste vorspielet frå du ved å engasjera deg her på nettet, delta og ikkje minst påverka korleis dette skal gå. Og rota litt rundt i butikkar eller på gardar i nærleiken av der du bur, for å finna gode saker du kan kosa deg med. Festen i Stavanger vert ein skikkeleg spanande konkurranse og ein flott galla, som heilt sikkert skal koma att år for år.
Det manglar i alle fall ikkje på gode råvarer og flotte produkt rundt om i landet.
God appetitt.
- Arne Hjeltnes